Utvikling

Utvikling #1 / 2010

Ein kan forklare globale forskjellar på mange måtar. Det rådande synet i dag er at ulikskap skuldast ulike grader av utvikling. Utviklingsmodellen rommar mange ulike syn på korleis ein kan minske forskjellane, men felles i grunn ligg ideen om at vi kan dele landa i verda inn i meir eller mindre utvikla. Den europeiske moderne staten er den normerte standarden å måle utvikling opp mot. Difor forklarer utviklingsmodellen betre fattigdom enn rikdom – ingen er overutvikla.

Med utvikling som analyse følgjer utvikling som politisk prosjekt. Dette prosjektet har i form av bistand og utviklingshjelp stått sentralt i den norske utanrikspolitikken i heile etterkrigstida. I denne perioden har utviklingspolitikken blitt tydelegare som noko meir enn bistand og noko anna enn omfordeling. Utvikling er å endre strukturar og samfunn mot noko betre.

Medan starten på det moderne utviklingsprosjektet som regel blir tidfesta til etter den andre verdskrigen, er tenkinga om utvikling – både som perspektiv og prosjekt – langt eldre. Artiklane i dette nummeret av Arr ser på utviklingsidear frå fleire tidsepokar, frå den spanske disputten om indianaren sitt utviklingspotensiale i 1550 til Erik Solheim om den norske utviklingspolitikken i 2010.

Svale Fossåskaret
  • Innhold
  • Neste (2-3 / 2010)
  • Forrige (3-4 / 2009)