Dommedag

Leder

Dommedag er i si bibelske tyding slutten og sanninga. Dagen då «dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine» (Åp, 20). Syndarane hamnar i helvetesilden, medan dei truande og trufaste får plass i det nye Jerusalem. I vår daglegtale er dommedag ein langt meir prosaisk slutt for alle, om enn i nokre tilfelle framleis tenkt som eit oppgjer med våre kollektive gjerningar. Den nye dommedag er slik annleis enn den gamle. Gud sin strenge, men rettferdige dom er i det sekulære erstatta av naturens hemn over vårt vanstyre. Og den post-apokalyptiske lagnaden er ikkje lenger ei æve i himmel eller helvete, men eit stort og tomt ingenting. Likevel er dommedags moralske potensiale framleis sterkt, sjølv om rettferda, skulda og angsten er endra.

På liknande vis har sjølve frykta oppdatert seg i takt med rådande realitetar – frå angst for apokalyptisk atomvinter til ein stigande skrekk for at slutten vil kome i form av ein svært varm sommar. Men når vår tids katastrofar får apokalyptisk karakter, er det grunna alvoret i situasjonen eller heller ei menneskelege trong til å dramatisere?

Vi er her framleis, og slik er alle dommedagsprofetiar vist å vere feil. Difor er det forståeleg at merkelappen dommedagsprofet har fått ein negativ klang; dommedagsprofeten er ikkje berre bringar av dårleg nytt, han er også ein useriøs krisemaksimerar. Etter tusenvis av år med gjentekne utsettingar av slutten kan ein med god historisk grunn vere skeptisk til dei mest dramatiske scenarioa i dag. Det sagt; at alle tidlegare varsel om dommedag har vert falske, er ingen garanti for at enden ikkje er nær nettopp no.

Tilbake