Lærerikt, velskrive og inviterande om Harry Fett

Av Kristin Bakken

Desember 2014

Harry Fett: Historien er lengst

Harry Fett: Historien er lengst

Kristin Bliksrud Aavitsland

Pax
Oslo, 2014

Kristin Bliksrud Aavitsland startar biografien sin om Harry Fett med ein prolog. Her kontrasterer ho den posisjonen og gjennomslagskrafta Harry Fett hadde i samtida, med den gløymsla som har blitt han til del i dag. For oss som arbeider i kulturminneforvaltninga, er premissen om gløymsle litt overraskande, for vår andre riksantikvar, med 32 år i stillinga, har behalde ein posisjon innafor kulturminnevernet. Men ved ettertanke aksepterer eg utan vidare at gløymsla er reell i det moderne kollektive medvitet, og eg tykkjer Aavitsland har ei interessant drøfting av dette i prologen (s. 18ff.).

Etter å ha lese heile boka, ser eg at denne diskusjonen av grunnane til gløymsla paradoksalt nok kastar eit interessant lys over posisjonen hans i høve til dei politiske og kulturelle straumdraga i samtida og ettertida. Aavitsland er atterhalden med å kommentere og tolke undervegs i biografien, det er berre i prologen ho tar denne analyserande rolla. Eg lurar på om ikkje denne analysen hadde fungert vel så godt i eit avsluttande kapittel der forfattaren også diskuterte dei felta der Harry Fett har hatt varig påverknad på det norske samfunnet. Biografien slik han no ligg føre, blir avrunda ganske brått og ukommentert med at Harry Fett døyr i 1962.

Biografien er elles strengt kronologisk bygd opp. Med unnatak av prologen følgjer vi Fett frå år til år dei 87 åra han levde. Eg tykkjer denne velprøvde framstillinga fungerer godt. Kapitla utgjer kronologiske bolkar, medan underkapitla er tematisk strukturerte. Utforminga av overskrifter til desse kapitla er raffinert. Dei gir stikkord om innhaldet og gjer ein nyfiken, og dei deler inn teksten i høveleg store bitar. Den kronologiske modellen har elles den potensielle ulempa at nokre tema kan bli litt borte fordi dei ikkje er viktige nok i noko kronologisk kapittel. Nokre tema kan dessutan bli så stykka opp at det kan bli vanskeleg å sjå lengre samanhengande utviklingsliner. Døme på tema som går att i fleire underkapittel, og der eg tykkjer samanhengen blir tatt godt vare på, er tilhøvet til kona Harriet og familien, publikasjonar og synet på kunst og kultur, viktige riksantikvarsaker, Fett sine heimar som fysiske og sosiale arenaer og dei nasjonale nettverka han var verksam innafor. Alle desse temaa tykkjer eg får ei brei og god handsaming innafor rammene av den kronologiske framstillinga.

Før eg ser nærare på eit par av desse tema, vil eg først gi honnør til Aavitsland for å ha levert ein så velskriven biografi. I tillegg til god struktur, fine overskrifter og presis, klisjéfri språkføring, er dessutan biletmaterialet flott. Bileta er ikkje berre illustrasjonar, dei er uvanleg godt integrerte i framstillinga – som kjelder og til utdjuping av poeng. Eit fint døme er tolkinga av fotoportrettet av Harry Fett som nyutnemnd riksantikvar på side 229f., eit anna det integrerte sambandet mellom tekst og bilete på sidene 506−508.

Aavitsland viser som nemnt atterhald når det gjeld å leggje på tolkingar eller å kommentere saksforholda ho legg fram. Ho rår over eit rikt kjeldemateriale som ho legg godt til rette for lesaren gjennom sitat og referansar. Eg tykkjer ho subtilt inviterer oss til å trekkje eigne konklusjonar, men utan å ferdigtyggje dei for oss. Døme er diskusjonen av herreklubben «Den grønne benk» (s. 250f.), der kritiske spørsmål til kva denne klubben eigenleg representerte, kjem fram gjennom sitat. Eit anna døme er dagboksnotatet til Ester Fett: «Han kan vinna alla och hvar, som han vill vinna, men bryr sig egentligen bara om att vinna dem, som kunna vara honom nytiga» (s. 182). Dette og fleire andre talande sitat får stå ukommenterte. I nokre tilfelle legg Aavitsland på opne kommentarar som ganske effektivt inviterer lesaren til å gjere eigne tolkingar. Eitt døme er «Om herrene Fett og Arneberg også svingte seg i folkedansen, forteller kildene ingenting om» (s. 295). I diskusjonen av Harriet Fetts «hysteri» tar forfattaren uvanleg tydeleg stilling: «Derfor er det vanskelig ikke å se et element av maktspråk i påstandene om Harriets hysteri og mentalsykdom» (s. 323). Aavitsland er altså ikkje ein sjølvhevdande forfattar, ho har skrive ein open og inviterande tekst. Refleksjonane som teksten inviterer til, er mange, og eg vil her berre løfte fram eit par.

Eit hovudinntrykk er at Harry Fett bygde posisjon, sette dagsorden og fekk tatt avgjerder ved å byggje opp og bruke nettverk. Ester Fett sitt dagboksnotat uttrykkjer nettopp dette. Heilt frå då han heldt tale for russekullet sitt med eit glas i kvar hand (s. 68), fram til han som etablert riksantikvar jamleg var vert for heile samfunnseliten, er (herre)middagen ein slags modus operandi for Harry Fett. Det er eit markert tema i boka.

Over nettverka, dei lystige laga og sansen for det skjønne utvikla Harry Fett teoretiske overbygningar. Underkapitlet om «Historieforståelse og psykoarkeologi» er interessant – og for oss i dag – litt kuriøs lesing. Tidlegare hadde Fett tatt avstand frå romantikken og i staden tatt til orde for dei klassiske ideala (s. 312ff.), men i 1923 og frametter utvikla han «psykoarkeologien», der ulike kulturar blir karakteriserte etter mentalitet eller temperament, med merkelappane Veidekultur, Steinalder, Bronsealder og Jernalder. Aavitsland viser korleis teoriane til Fett fekk ei blanda mottaking i samtida, men at dei «På tampen av 1920-årene representerte […] en alternativ, humanistisk modell til både fremskrittstroen og klassetenkningen. Den skulle også bli et alternativ til en samfunnsforståelse basert på raseteori.» (s. 369). Sjølv identifiserte Fett seg med mentaliteten i «Bronsealderen», og utforminga av villaen i Drammensveien, som stod ferdig i 1928, skulle etablere «et lite stykke livsglad bronsealder innerst i Frognerkilen» (s. 376). Ideala for aktiviteten der var å lage ein dannings-arena med det platonske symposiet som modell (s. 381). I etterkrigstida blei dette vidareført med omgrepet «godvilje» som eit nøkkelord (s. 514ff.).

Herreklubben «Den grønne benk» (s. 284f.), dei konservative herremiddagane i mellomkrigstida som skulle demme opp for den «røde fare», den sosiale aktiviteten i Drammensveien 102 H (s. 377) og initiativet til nettverket Villa Pax er døme på Harry Fett si sosiale og strategiske nettverksbygging. Villa Pax er kanskje det mest talande dømet fordi det viser kor stor tru Fett hadde på det platonske symposiet også som (del)svar på enorme samfunnsproblem. Villa Pax skulle fremje godvilje, fred, humanitet og humanisme i bygginga av landet etter den andre verdskrigen. I 1947 var konseptet utvikla så langt at ei rad kjende namn var klare til å etablere eit slikt akademi, medlemmene skulle handplukkast, og i tillegg til å representere ulike samfunnsområde, måtte dei vere «positive, almeninteresserte og i beste forstand selskapelige naturer, i hvert fall ikke kverulanter» (s. 523). Aavitsland nemner ingen kvinner blant den lange rekka av samfunnstoppar som var tenkte inn i dette selskapet.

Det er ikkje vanskeleg å sjå korleis denne borgarlege selskapskulturen utgjorde reelle maktnettverk. I tillegg til å vere ei viktig side av Harry Fett og biografien om han tykkjer eg framstillinga av desse nettverka gir ein svært interessant bakgrunn å forstå dei samtidige motkulturane mot. Sett på spissen var det Harry Fett-kulturen motkulturane var i opposisjon til. Målrørsla, arbeidarrørsla, kvinnefrigjeringa og fråhaldsrørsla er alle døme på posisjonar som blei definerte utafor Fett-krinsen; ja, eg ville tru i direkte opposisjon til han. Aavitsland tematiserer ikkje tilhøvet Fett hadde til desse motkulturane i større breidd, noko som elles er eit tema eg saknar i boka, men ho gjer det i alle fall klart at Fett var kritisk til både målrørsla, sosialismen og kvinnefrigjeringa. Det må tolkast som litt naive forsøk på å harmonisere desse motkulturane med den borgarlege selskapskulturen når Nordahl Grieg blir invitert for å diskutere borgarkrigen i Spania i smoking (s. 458ff.), eller når Einar Gerhardsen blir invitert inn i Villa Pax og karakterisert (og funne akseptabel på grunn av?) som ein person med «ganske særpreget charme» (s. 523)! Eit forsøk på harmonisering er det vel også å invitere den revolusjonære historieprofessoren Edvard Bull til middag med dei kongelege (s. 381). Utruleg nok aksepterte han!

Det kan altså ikkje vere tvil om at Harry Fett var blant dei ideologisk førande i eit nettverk av menn som utgjorde makteliten i den norske mellomkrigstida. At han er «gløymd» i dag, seier noko om dei ideologiske endringane som har skjedd i det norske samfunnet sidan krigen.

Biografien til Fett kastar difor eit svært interessant lys over dei ideologiske føresetnadene for riksantikvarembetet. Frå først av var Fett den einaste tilsette. Sidan fekk han gradvis bygd opp ein liten stab, men det var Harry Fett som gjennom føredragsturnear og synfaringar, og ikkje minst ved utstrekt publisering, etablerte Riksantikvaren som institusjon. Det er ikkje vanskeleg å sjå at dei personlege nettverka til riksantikvaren må ha hjelpt til med å få institusjonen opp å stå, og at den ideologiske plattforma hans ikkje kan skiljast frå plattforma til etaten.

Ein har difor ingen god grunn til å forvente at motkulturane fekk prege utforminga av prinsipp og praksis hos den unge etaten. Ikkje minst gjeld dette fredingslista som blei utarbeidd etter at Lov um bygningsfreding kom i 1920. Avgjerdene om kva for kulturminne som har nasjonal verdi, handlar om definisjonsmakt, og denne makta hadde Fett og krinsen rundt han. Etter den romantiske oppdaginga av den nasjonale folkekulturen på 1800-talet var det likevel umogleg å kome forbi bondekulturen på den første fredingslista. Men det var ikkje berre målforma på lovteksten som skulle til for å motivere og kommunisere med bøndene. Aavitsland dokumenterer korleis Fett bygde relasjonar til bøndene og faktisk brukte bondeorganisasjonane og Noregs ungdomslag for å få dei i tale for kulturminnevernet (s. 287ff.). Arbeidet i nemnda for «national stil og hjemlig bygningsskik» er ein interessant samarbeidsarena mellom kulturminnevernet, bøndene og den nynorske motkulturen. Aavitsland viser elles til ein av medlemene i nemnda som «gårdbruker Taraldlien fra Fyresdal», medan dei andre blir presenterte meir utførleg (s. 289f.). Dette er litt urettvist, for Bendik Taraldlien var ein tung representant for ein viktig motkultur. Han var lærar på landbruksskolen på Søve, pioner innafor skogbruket, skreiv tre lokalhistoriske bøker og var initiativtakar til å få oppretta Fyresdal museum. Han representerte såleis eit svært viktig kontaktpunkt for Harry Fett, nemleg dei velskolerte, lokale bondekulturberarane.

Fett sitt særlege bidrag til fredingslista er truleg ikkje bondekulturen, den var det vanskeleg å kome utanom, men snarare bygningane med rot i embetsstand og handelsstand (s. 304). Aavitsland viser korleis inkluderinga av denne typen bygningar er grunna i Fett si internasjonale orientering, synet hans på norsk kultur som resultat av kulturmøte og oppvurderinga hans av den urbane kulturen i dansketida (s. 300f. og 306 ff.). Og det er mot denne bakgrunnen at den radikale (og framsynte) fredinga av heile kulturmiljøet i Røros blei gjort. For ein som arbeider i det moderne kulturminnevernet, gir Aavitsland her ei interessant innføring i det kultursynet som var utgangspunkt for den nasjonale fredingslista.

Eg trur mange med meg vil lese biografien om Harry Fett og kjenne at vi er blitt litt klokare. Mange trådar let seg følgje fram til i dag, det gjeld Riksantikvaren, fredingslista, tidsskriftet Kunst og kultur, Kunst på arbeidsplassen osb. Like interessant er kanskje alle dei gløymde tiltaka og ideane som ikkje lenger er aktuelle. I prologen seier Kristin Bliksrud Aavitsland at ambisjonen med biografien er å fange tankeuniverset til Fett og breidda hans som samfunnsaktør. Denne ambisjonen har ho realisert til fulle, og samstundes greidd å gi eit breiare tidsbilete som kastar lys over vår eiga samtid.

Denne artikkelen sto på trykk i Arr 2/2014
Familien
Les også: