Før, etter, under og over «Rubin-året»

Jan-Erik Ebbestad Hansen har skrive ei omfattande og spennande bok med utgangspunkt i dei skjellsettande hendingane i det han kallar «Rubin-året», altså 1957: Da Norge mistet dyden. Moraldebattane i etterkrigstida som toppa seg i rettsaken mot Mykle dette året var nemleg grunnleggande for det baksideteksten kallar «fremveksten av det liberale samfunnet i Norge». Allereie i forordet gjer forfattaren det umisforstå­eleg klårt korleis han stiller seg til det som skjedde for snart 55 år sidan: «Hvis fremstillingen gir inntrykk av at jeg er vennlig stemt overfor det liberale samfunnet som forsvarerne av Mykles roman var med å kjempe frem, er det riktig. Jeg er en tilhenger av dette samfunnet, og håper det kan utvikles videre.» (s. 5)

Tittelen og forordet viser altså at det er mogleg å lese boka både som ei historisk framstilling av korleis det var den gong da og som eit innlegg i den ­notidige samfunns- og kulturdebatten. Denne spenninga mellom det idéhistorikarar kanskje vil kalle «daheit» og «noheit», mellom framstillinga av noko framand med eit samtidig utgangspunkt og siktemål, kan ein jo finne i dei fleste litterære og historiske tekstar. For lesaren er det spennande å finne ut korleis teksten sjølv forheld seg til denne spenninga: Om daheita t.d. framstår så framand at den kastar nytt lys over noheita, eller om noheita tvert om dominerer så sterkt at alt det framande og ukjende kjem i skuggen. (Det siste trur jo eg med mine fordommar skjer t.d. i historiske romanar «om» mellomalderen som går utifrå at idéar og hjarte ikkje forandrar seg.)

Ebbestad Hansen er professor i idéhistorie ved Universitet i Oslo. Avhandlinga hans frå 1979 handlar om 1500-talsmystikaren Jacob Böhme og han har etter den tid særleg publisert tekstar om mystikk, spiritualitet og bilde­kunst. I forhold til dette representerer denne boka ei vending til eit anna interesse­område og kanskje også mot ein annan lesarkrets. Det er imponerande å leggje merke til den seriøsiteten og det engasjementet han framstiller dette stoffet med. Boka viser at forfattaren har rett når han i forordet påstår at det stadig er «mye nytt å si om den striden Sangen om den røde rubin utløste i 1956−57».

Framstillinga er strukturert ut i frå ein oppstigande modell: Det første kapitlet gjer greie for det basale, det forfattaren kallar «det populærkulturelle forspillet». Deretter presenterer han «den seksualiserte skjønnlitteraturen» før kapittel tre gjer greie for korleis seksualitet var framstilt i «det vitenskapelige feltet». Det dreier seg her om den norske resepsjonen av Kinsey-rapportane og om psykologane si rolle for framvoksteren av eit nytt syn på seksualitet og seksualmoral. Først i det femte kapitlet blir Mykle, romanen og rettsaka framstilt. Dei to siste kapitla kroner det heile ved å framstille dei idéhistoriske forgrunnsfigurane eller bakmennene i denne striden: På den eine sida «de verdikonservative» som blir karakterisert som «Åndens familie», på den andre sida «de kulturradikale» eller «Voltaires menn» som kapitteloverskrifta kallar dei.

Eg synst den første delen av boka er mest spennande og rik på nye innsikter. Ein av grunnane til det er at forfattaren framstiller sentrale trekk ved femtiåras Norge på ein sakleg og presis måte som gjer rubinårets daheit tankevekkande framand og annleis. Dessutan fungerer forfattarens grep med å undersøke samspelet mellom populærkultur og ulike formar for høgkultur godt for å forstå kva som var og stod på spel. Når det gjeld dei to siste kapitla som skildrar korleis denne striden arta seg i idéverda, merka eg for min del litt av det same som kvar gong eg har prøvd å lese Dante: Interessa dabbar av jo høgare og lengre frå utgangspunktet ein kjem. Det spennande er jo at det ser ut som om det motsette skjer for forfattaren. I desse siste kapitla er intensiteten og engasjementet til forfattarstemma på det høgaste. Eg vil i det følgjande seie litt meir om desse tre sidene ved boka: Om det framande ved femtitalet, om utvekslingar mellom det høge og det låge og til sist om aktualiteten til ein strid der svært mange av deltakarane er døde, i alle høve i fysisk forstand.

Femtiåra som ei framand tid

For oss som vart unnfanga i rubinåret og aldri fekk spurt foreldra om kva dei visste om seksualitet når dei gjorde det, er framstillinga av femtiåra i denne boka ei slags arkeologisk utgraving av nær historie. For dette var ei tid før omgrep som «homoseksualitet», «feminisme» og «fleirkultur» var etablert som ein alminneleg del av språket i det offentlege ordskiftet. Det var også ei tid der dette offentlege ordskiftet om kultur og politikk nesten utan unnatak skjedde mann til mann imellom. Derimot vart kvinner framstilt både i skrift og i bilde i det som ein den gongen karakteriserte som «pornografisk» eller «utuktig» litteratur. «Pornografi» er jo stadig eit omgrep i det offentlege ordskiftet. Men her dreidde det seg ikkje om høgoppløselege detaljar av kroppsdelar i rørsle som ein kvar tolvåring kan klikke seg fram til på nettet eller om «erotiske» bøker som liknar på den amerikanske bestselgaren Fifty Shades of Grey som det etablerte forlaget Gyldendal gir ut no i haust. På femtiåret refererte omgrepet til «blader som Krydder, Cocktail og Verden Rundt». Og forfattaren kommenterer med all mogleg rett datidas pornografi-forståing slik: «Det man forstod som pornografi var altså bilder av mer eller mindre nakne kvinner og underholdende erotiske fortellinger som selv ut fra tidens normer, vanskelig kunne sies å være detaljerte i sine fremstillinger av kjønnsorganer og samleie» (s. 31). Bokas bilde og referat av innholdet og skrivemåten i desse blada gir også dei aller fleste samtidige lesarar («i dag») eit inntrykk av noko som er nesten uskuldig i all si ugjenkallelege forgangenheit. Presentasjonen av korleis dei vart oppfatta og lese, også av politi og påtalemyndigheiter i femtiåra, er derfor talande. Lesaren kan i boka med utbytte samanlikne framstillinga av ein bildeserie om to kvinner som hjelper kvarandre med å kle av seg i ein høgsterettsdom frå 1954 (s. 33) med nokre av bilda sjølv. Forfattaren stør seg på Erling Sandmos vurdering av at rettsinstansane fann bilda utuktige fordi dei tolka dei som skildring av forbudt homoseksuell aktivitet. Den oppmerksame lesaren kan få ei tilsvarande sterk oppleving av «daheit» i skildringa av korleis det vart advart i sterke ordelag mot elementær seksualopplysing og kunnskap om folks seksualliv som no høyrer med til vårt kulturelle doksa (t.d. ss. 96−100).

Seeking high and low

Med utgangspunkt i eit sitat frå Bor­dieus Distink­sjonen viser forfattaren at det er fruktbart å sondre mellom den høgverdige skjønnlitteraturen og den lågareståande smusslitteraturen, for å forstå dynamikken i femtiåras kultur­debatt. Det var faktisk svært få av sam­tidas ­litteratar og intellektuelle som hadde noko godt å seie om kiosklitteraturen sine «pornografiske» framstillingar. Ein av dei som offentleg forsvarte «den ikkje fullt så lødige pornografien» på starten av femtiåra var nettopp Agnar Mykle (s. 49). Elles var regelen at det først var da det dukka opp detaljerte skildringar av seksuell aktivitet i den etablerte skjønnlitterære ramma, at denne kulturelle einigheita vart brote: «Annerledes ble det da utfordringen kom fra det rene, fra høykulturens, kunstens verden. Da ble den tradisjonelle kulturkampen tydeligere, konflikten mellom estetikk og moral mer prekær, samtidig som spørsmålet om ytringsfriheten fikk en ny dimensjon» (s. 56). Forfattaren viser overbevisande korleis seksualskildringar i skjønnlitteraturen frå D.H. Lawrence til Kjell Askildsen og fram mot Henry Miller, sette sterkare kjensler i sving blant kulturelt interesserte enn tilsvarande skildringar i den mindre skjønne litteraturen. Dette er eit fruktbart utgangspunkt for å kunne undersøke korleis eit slikt samspel mellom den «høge» og den «låge» litteraturen skjedde og skjer i praksis. Både til å finne ut meir om korleis dei skjønnlitterære skildringane gjorde bruk av tilsvarande framstillingar i den andre litteraturen og korleis forfattarane derfor kunne spele på etablerte lesarforventningar. Og også det motsette: Korleis «den ikke fullt så lødige pornografien» tok lærdom av den etablerte litteraturen i stive permar. Både André Bjerke og Ingjald Nissen hadde jo kvar på sitt vis forhåpningar om at ordentlege seksualskildringar i skjønnlitteraturen kunne foredle også «den vulgære pornografi» (s. 48, 120).  I litteratur- og kulturhistorisk samanheng hadde det vore spennande å vite meir om og eventuelt korleis dette skjedde. Det er jo ingen grunn til å tru at Jens Bjørneboe var den første eller siste etablerte forfattaren som har hatt bi­inntekter av å skrive om seksuell aktivitet i mindre kulturelt aksepterte samanhengar. Men det er ikkje her, i samspelet mellom desse ulike typane litteratur, forfattarens interesse ligg. Skuffande nok gjer han også svært lite ut av lesinga av Mykles bok, som eg først trudde framstillinga skulle føre fram mot. Dei straffe­rettsleg aktuelle «utuktens steder» i boka blir sitert over to sider (s. 133−34). Men sjølve nærlesinga overlet idéhistorikaren til andre.

Aktualitet femtifem år etter

I denne boka er det viktigare å trekke aktuelle lærdommar av det som skjedde. Den «striden» eller «kulturkampen» som vart ført mellom to klart definerte strider gav nemleg eit resultat som vi no nyt godt av. Det nest siste avsnittet i boka lyd slik: «Det var et liberalt samfunn som ble kjempet frem på annen halvdel av 1900-tallet. Retten til frie ytringer, opprør mot etablerte maktstrukturer og oppløsningen av den norske enhetskulturen var forutsetninger for likestilling, seksuell og moralsk pluralisme og kulturelt mangfold» (s. 256). Ei mogleg konsekvens av dette er jo at forholdet til rettsforhandlingane i rubinåret i etterkant framstår som «historias dom».

Skildringa av dei to fylkingane som utkjempa denne striden i dei to siste kapitla er i alle høve profilert og det blir lagt stor tyngde bak påstandane om kven som høyrte til kor. Den eine fylkinga «Åndens menn» vart leia av professor i idéhistorie A.H. Winsnes og rekrutterte i stor grad frå det som i mellomkrigstida vart karakterisert som «den andre front». Under lesinga blir eg litt usikker på om forfattaren blir forleda av alle desse krigs­metaforane til å framstille dette miljøet som ein litt meir samansveisa kohort enn det er dekning for. Han imøte­går kontant Per Anders Aas (som av og til i denne boka har fornamnet Peder, andre gonger etternamnet Åas) sin påstand om at Ingjald Nissen høyrte til her (note 249, s. 115). Og temperaturen er også høg når forfattaren tilbakeviser både Aas og Rune Slagstad sine karakteristikkar av dette konservative miljøet (s. 165, 245−55). Den andre styrken, «Voltaires menn» vert karakterisert som «kulturradikale». Framståande kadrar var her legen Karl Evang og sosialøkono­men Johan Vogt som begge hadde bakgrunn i Mot Dag og den borgarlege litteraturkritikaren Philip Houm.

Dei to klårt definerte gruppene som slik stod fylka til strid, representerer i boka derfor i tur og orden den gamle og so den nye tid: det som skulle veksa mot det som skulle sigra / det som skulle falla, mot det som skulle stiga. Eg har berre to små kommentarar til presen­ta­sjonen av dei stridande partane. For­­fattaren kunne jo like gjerne presentert denne motsetninga med hjelp av andre termar, både vidare og snevrare. Dersom ein også trekker inn psykologane og dei tidlege sexologane som spelte ei viktig rolle i debatten framstår heile striden fort som ei klassisk motsetning mellom det C.P. Snow nokre år seinare kalla dei to kulturane: På den eine side dei som hadde sitt faglege utgangspunkt i det som på engelsk heiter «science» saman med nokre litteratar, og på dei andre sida dei som dreiv med ulike formar for humaniora. I dette perspektivet er det jo ikkje så merkeleg at positivisme-striden blir viktig for å forstå det som skjedde under og etter rubin­året. Forfattaren understrekar at Mot Dag-miljøet som heilskap representerte «en rasjonalistisk, scientistisk, naturalistisk posisjon» (s. 208). Presentasjonen av «Åndens menn» kunne også vore meir snever: Ein kunne jo tenke seg at dei vart skildra som menn med dragning mot katolsk spiritualitet eller tenking og som i stor grad fungerte som lærarar eller hjelpelærarar i idéhistorie. På det viset kunne det jo bli litt meir tydeleg for lesaren både kva idéhistorie er og var.

Eg stusser også litt over at forfattaren gjer eit poeng ut av idéhistorikaren Winsnes ikkje skreiv «noe større arbeid om sitt ståsted og sin kulturkritikk» (s. 168). Han argumenterte heller «via stedfortredere» og det gjorde at hans eigen posisjon «ble utydelig». For å karak­terisere standpunkta hans gjer derfor idéhistorikaren Ebbestad Hansen bruk av nokre av synspunkta til ein av dei Winsnes skreiv om. Det kunne ha vore Johan Nordahl Brun, men det blir Niels Treschow (1751−1833) som jo var både for sensur og motstandar av reformer i liberal retning. At humanistar på dette viset kastar stein i eige hus, er jo forfriskande. Men eg er nok litt redd for ryet til kollegar som driv på med tekstar som er enda eldre enn 1700-talet, dersom forskarane skulle måtte svare for alle rare og reaksjonære meiningar dei ulike studieobjekta hadde.

Som ein del av denne bokas resep­sjonshistorie har det blitt ført ein samtale om kor gagnleg omgrepet «kulturradikalisme» er. Eg har ingen sterke meiningar om det, men vil jo meine at ein av lærdommane denne boka opnar opp for er at alle vesentlege omgrep, også «kulturradikalisme», «pornografi» og «idéhistorie», er tvetydige og har spennande og omskiftelege omgrepshistorier. Dessutan gir boka, som nemnt, spennande arkeologiske innsikter om det framande ved vår eigen nære fortid. I tillegg er den ryddig og oversikteleg og har mange gode overskrifter på dei ulike avsnitta. Med dei fine illustrasjonane kan den derfor fortene ein plass ved kaffebordet. (Dersom du då har eit kaffe­bord.)

Av Rolv Nøtvik Jakobsen | NTNU/Gunnerusbiblioteket | .(JavaScript must be enabled to view this email address)